Forfatter og journalist
Historie er det som blir hugsa. På ein minnevegg i El Salvador står det i dag eit namn blant mange tusen drepne. Marianella García Villas, fødd 7. august 1948, død 14. mars 1983. Heilt sidan eg møtte henne i løyndom der i San Salvador rett før ho blei tatt av dage, har eg hatt henne med i mine forteljingar, i journalistikken, i mine bøker.
Ho lærte meg noko avgjerande. Kva enkeltmennesket gjer kan endre historia. Om krigen er aldri så brutal, må ein halde fast på denne tanken.
Marianella García Villas var jurist, filosof og kristelegdemokrat. Ho blei El Salvadors første kvinnelege parlamentsmedlem. Seinare blei ho medhjelpar til erkebiskop Romero og stiftar av Menneskerettskommisjonen. Ho var gått under jorda da eg møtte henne, dødstruslar og angrep var blitt daglegdags for dei som stod opp mot valdshandlingane. Det hopa seg kvar dag opp nye drepne, ofte torturte, namnlause offer. Å sørge for at dei fekk eit namn og ei grav, at historia deira blei dokumentert, var eit nesten uoverkommeleg arbeid.
For Marianella sjølv skulle det ta mange år før ho blei ein del av forteljinga om El Salvadors nyare historie. Det skulle ta tid før sanninga om drapet på henne kom fram. Ho blei berre trettifire år, men ho lever som eit lys for landet sitt. Derfor har Marianella García Villas også sin opplagte plass i eit lappeteppe av solidaritet.
Søm og broderi med fargerike innslag