Image Alt

SIRI HELLE

Solidaritetsbrigade i Brasil 2007



Lappen min både syner og er laga av ei geit – nærare bestemt den fyrste geitekillingen eg nokon gong slakta sjølv. Ei handling som gav meg ei sterk kjensle av å høyre til ein stad: Geita høyrer heime her. I norsk kultur, norsk landskap, ho gjer sin jobb for det biologiske mangfaldet, og så er ho – nysgjerrig, sta, blid og sprek – ei sann glede å jobbe med. Ei glede eg takkar brasilianske småbønder for at eg fekk oppdage.

Eg reiste til Brasil for å få vere ein del av verdas kanskje største sosiale bevegelse – Dei jordlause. Eit halvt år seinare kom eg heim att med ein ny respekt for retten til å produsere sin eigen mat og tru på at ein kan vere stolt av tradisjonar.

Mitt Brasil var langt frå samba og strender, karneval og Copacabana: Eg budde i ein liten landsby midt i delstaten Santa Catarina, sør i Brasil og langt frå havet. Gløym små bikiniar og lettkledde dansarar. Dette er gauchoen, den søramerikanske cowboyen sitt landskap. Ingen er tøffare med høge skinnstøvlar, stor hatt, breidt detaljert lærbelte og lassoen hengande frå salen på hesten. Frå radioen strøymer det trekkspel, i grytene er bønnene svarte, og til fest går det gjerne ein heil okse på grillen. Landskapet er flatt, ope, og enten veldig tørt eller veldig vått.

Aldri har eg vore så kald som eg var i Brasil. Regn og vind er greitt nok i Noreg, kor både klede og hus er tilpassa veret. I skur bygde av presenning og plankar med mange centimeter mellomrom gjekk kulda gjennom marg og bein.

Heldigvis var menneska både varme og sterke. I landsbyen eg budde i var dei ikkje heilt i mål med å fordele jorda blant dei nye bondefamiliane. Vertsmora mi, Jussara, hadde kjempa for jord i ti år. No var ho nesten der. Ein kveld låg ho på ryggen på kjøkkengolvet med to år gamle Amanda på magen. Jussara dagdrøymte høgt, og Amanda herma så godt ho kunne. «Alho», sa Jussara. «Ajjo», gjentok Amanda. «Cenoura», sa Jussara. «cenouja» kom det frå vesla. «Beterraba» – «betjaba». Dei smilte og lo. Var stolte, kvar på sin måte.

Kvitlauk, gulrot og rødbetar. Alt dei skulle ha i grønsakshagen sin. Det var det dei drøymte om.

Når eg vart spurt om jordbruk i Noreg, vart eg svar skuldig: Eg visste ingenting om kva norske grisar et eller om vi tek vare på våre eigne frø. Jussara slåss for retten til å produsere mat til seg sjølv, med si eiga arbeidskraft og tradisjonar som voks direkte ut av naturen og kulturen der. Eg vart nysgjerrig: Kunne det hende vi hadde liknande tradisjonar heime i Noreg? Kunne dei vere verdt å vere stolt av? Eg måtte heim og prøve sjølv.

Teknikk og materiale:

Rødt stoff og hår fra geit.

Land:
Gruppe: