Solidaritetsbrigade Chiapas, Mexico 2012
Hestehoven som bryt seg fri gjennom betongen, som ikkje held tilbake for noko, er inspirasjonen bak dette silketrykket eg laga på brigade i Mexico i 2012. Stoffet er frå restar av utslitne klede og stoff frå andre trykk og kunstprosjekt. På brigadereisa?såg vi mange kraftfulle kunstverk som let seg inspirere av naturkreftene. Vi vart utfordra til å bruke våre eigne assosiasjonar med naturen som inspirasjon for politisk kunst. Kunstnarkollektivet som lærte oss trykkekunst måtte ligge lavt for å ikkje kome på kant med myndigheiter. Dei var overraska over at aktivistar som dei, i Noreg, kunne få statleg støtte til politisk kunst som kritiserer statsmakta.
Silketrykk fra brigadeopphold