Solidaritetsbrigade Chiapas, Mexico 2012
Un mundo donde quepan muchos mundos – Ei verd som rommar mange verder. Teksten er skrive på ein paliacate frå Zapatist-rørsla i Mexico. Paliacaten er eit viktig politisk symbol. Zapatistane brukar den til å dekke til ansiktet ved kollektive aksjonar og når dei jobbar for organisasjonen. Me valde dette sitatet frå Zapatistane fordi det så tydeleg formidlar den kampen mange urfolksrørsler står for. Målet er at det skal vere rom for å velje å leve annleis, organisere samfunnet med fokus på det kollektive og med respekt for ulike livssyn. Urfolk og småbønder har blitt hardt råka av det nyliberale økonomiske systemet og organisasjonane deira utgjer ei viktig stemme og motmakt i Latin-Amerika i dag.
Zapatistskjerf med broderte ord